NORSK SJØLVSTENDIGHEIT
eller Subsidiar
for 1000 år sidan var verda omgitt av ein gigantisk orm, i Åsgard budde dei store gudane, som Odin og tor, og i Noreg fekk vi heilage kongar. Arven etter dette i dag er ein orm ingen har sett, men alle trur finst, i Seljordsvatnet, ei tru på mekaniske dingsar som ikkje fungerer som dei skal, og Jens Stoltenberg. I løpet av 1000 år har vi gått frå å vere ei stormakt til å bli det amerikanske barn kallar hovudstaden i Sverige. Kva gjekk feil?
Den første feilen blei gjort i vikingtida. Ei stormannsgalen bondedotter nekta å hoppe i høyet med nokon før dei samla heile Nooreg til eit rike. Til slutt kom ein mann som var desperat nok til å gjere det; Harald Hårfagre samla folk med ulike kulturar i eit land. Du kan tenkje deg sjokket for den urbaniserte handelsmannen frå Bergen som måtte dele land med ein treig grisebonde frå Trlndelag og ein fiskar frå Lofoten som var større i kjeften enn bergensaren. Det er ikkje rart det blei mange vikingtokt.
Etter kvart kom middelalderen til Noreg, som vanleg litt etter resten av Europa. I 1349 kom svartedauden til landet. Fleire gardar blei forlate og dei bøndene som overlevde trong fleire middel for å drive økonomisk lønnsamt. Svartedauden utrydda dei fleste lærde som på denne tida var prestar, munkar og nonner. Ei kort stund var Noreg eit godt land å leve i...
Danskane overtok styringa av Noreg, og med på kjøpet kom det danske skriftspråket. Bøndene prøvde seg på å dyrke solfylte tomatar som danskane kunne ete med salat, persille og hakka løk. For å få til det, var dei avhengige av meir støtte frå det offentlege.
Tida gjekk, og i 1814 samla ein gjeng høglytte, bannande og illeluktande bønder seg på Eidsvoll og skreiv ei lang lovsamling for å få fleire subsidiar.
Så kom Napoleonskrigen. Danmark inngjekk eit veddemål med Sverige, med Noreg som innsats. Og mens Napoleon med sin hær til eksilet drog, kom Carl Johan til Noreg.
Først i 1905 var vi lei av dei herskesjuke naboane. Då blei vi eit sjølvstendig rike, med ein dansk konge. Vi tok viktige val, som å vere nøytrale under imperialismen og å vere britisk nøytrale under 1. verdenskrig, mens bøndene kjempa for fleire subsidiar.
2. verdskrig starta på akkurat same måte som 1. verdskrig slutta; med norsk nøytralitet. Mot dei allierte. Dette ilkte ikkje Tyskland, som ville ha "the magnifisent fjords" og andre viktige strategiske og kulturele støttepunkt. 9. april gjekk Tyskland inn i Noreg og Danmark, som ein "2 for 1 deal". Dette var noko heile landet tok sterk avstand frå, sidan dei meinte Noreg var det landet som blei lagt med gratis. På bakgrunn av dette blei det etter kvart oppretta motstandsgrupper. Dei bestod hovudsakleg av bønder osm kjempa for eit fritt Noreg. Og fleire subsidiar.
Endeleg, den 8. mai 1945, blei Noreg fritt igjen etter det tredje utanlandske styret. Dette bli feira stort, særleg blant bøndene. Om enn på din spesielle måte, med å søke om støtte til landbruksmaskiner.
Hippietida kjem, og ungdommen blir opprørsk. Med langt hår og store blomster på kjøkkentapetet får bøndene midler for å kjøoe meir jord.
Oljeeventuret startar, og vi får eit oljefond som veks. Nordmenn vil ha norske varer, noko bøndene likar. Men dei treng fortsatt meir subsidiar.
Jappetida kjem, og dresskledde Blinderngutar som snakkar i telefonen blir meir viktige enn bøndene. Dette gjer bøndene opprørske, og dei krev meir offentleg støtte.
1990-talet kjem. Spice Girls syng om girlpower, Gro er statsminister og oljefondet når nye høgder. Dette får bøndene til å skrike etter meir pengar.
Så kjem vi til 2000, årtusenskiftet. Alle er redde for kva det kan gjere med alle dei mekaniske dingsane vi kunne klart oss utan. Kanskje vi får ein teknologisk steinalder? Bøndene høyrer om dette, og sidan dei sitt i regjering med Venstre - "partiet utan eigne meiningar", og KrF, med ein fotballgal prest i spissen, får dei fleire subsidiar, så dei kan finne opp hjulet på nytt.
Tida går, og 6 år seinare har vi feira Ibsen, og oss sjølv, eit år, SV har komme i regjering og vi har fått eit grenselaust Europa, der nordmenn kan ta med 2 liter øl, to liter vin og ein liter sprit heim frå sydenferie. Pink Floyd har vorte gjenforent, noko som ikkje skulle skje før grisar flaug. Dette har skremt bøndene, som krev fleire subsidiar. Igjen...